Claus Sellevoll
Kjem frå Alversund, og livnærer seg som artist og skodespelar. Han har markert seg i ei årrekkje i ulike samanhenger, aleine eller saman med andre. Claus har ein eigen evne til å karakterisera folk med uttrykk og fakter, og ofte med eit halvt absurd innhald på grensa til det makabre. Han er kjent for sine mange figurar og treffande imitasjonar. Jon Eikemo, Sylfest Lomheim, Ivar Medaas, Mons Ivar Mjelde, Esther Pirelli, for å nemna nokre. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater. Vi har sett han i Cato&Claus , Bikubesong, Singel&Sand, Vestlandsrevyen, Tyl og Vestlandsrevyen II. Claus vart tildelt Medaasprisen 2013.