Ivar Medaas – Dar kjem Dampen

I kabareten «Dar kjem dampen» følgjer vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene.

Dette er ingen biografisk framstilling av Medaas, men heller ei reise i miljøet han kom i frå. Vi får eit gjenhøyr med kjende og kjære viser og blir tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund i Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.

Det er ikkje mange artistar som fortener merkjelappen original. då skal ein verkeleg vera unik. Ivar Medaas er kan henda den vestlandsartisten som fortener å verta omtalt som original.

«Jakob Sande, Geirr Tveitt og eg bestakk alle dei me drakk i lag med idne i Oslo, og so ba me dei stemma på ”Hesthandlarar” i ønskjekonserten. Den kom med ein gong, og dermed var me berømte! ».

Gjennombrotet kom i 1963 då Jens Book Jensen kasta Ivar Medaas inn på sjølvaste Chat noir iført kjole og kvitt og ei hardingfele. Aldri før hadde hardingfele vore innslag på ei norsk revy-scene, og aldri har vel reaksjonane vore sterkare heller:

«De burde sannelig komme dem hjem igjen til Vestlandet med en gang!» var det ei finare vestkantfrue som sa til Medaas midt på Karl johan.

60-talet var tiåret då Ivar Medaas stadfesta sin posisjon i norsk kulturliv, gjennom ei rad revyar og meir enn 30 plateutgjevnader. Sogn og Fjordane Teater har laga ein humørfylt kabaret for å hylla den folkekjære artisten Ivar Medaas og det vestnorske miljøet.